Tjenester:
Den digitale bølga har slått over oss og ikkje minst innan HMS. Det er inga grense for antall appar og digitale løysingar verksemdene kan skaffe seg og som skal ta seg av alle lovkrava verksemdene har. Det er inga tvil om att digitale system gjev svært god oversikt, men det krev uansett tid og resursar til å sette seg inn i. Dei går ikkje vernerunda for deg eller risikovurdera ikkje farleg arbeid-, heller ikkje kan dei kartlegge kva helsefarar dei tilsette er eksponert for. Dette praktiske arbeidet kan Telseth HMS hjelpe verksemdene med. Ein må sjå, snakke, observere og måle ute/ved der dei tilsette arbeider. Då vil ein også få meir nytte av dei digitale løysingane.
EKSPONERINGSKARTLEGGING
Telseth HMS hjelper til med kartlegging av kva helsefarer dei tilsette kan bli eksponert for. Jfr. lovkrava i Arbeidsmiljølova. Det kan være støy, vibrasjonar, optisk stråling, kjemikaliar, støv/røyk, biologiske faktorar eller elektromagnetisk stråling.
UNDERVISNING HMS
Telseth HMS kan tilpasse opplæring til verksemdene alt etter kva dei har behov for.
SYSTEMATISK HMS
Har ein oversikt over kva lover og tilrådingar ein er omfatta av i Arbeidsmiljøet? Har ein risikovurdert tilhøva og vurdert tiltak for redusere uønska hending, skade eller sjukdom. Telseth HMS kan hjelpe til med dette.
RUS OG AVHENGIGHETSPROBLEM I ARBEIDSLIVET
Telseth HMS kan hjelpe til med å lage og innføre retningslinjer for ruspolicy eller opplegg for tilsette som har problem.
BEREDSKAP OG KRISEHANDTERING
Har verksemda plan for korleis ein skal handtere kriser? Telseth HMS kan hjelpe til med å lage eller revidere beredskapsplan.